Marianne Bender i Økokrim opplyser til NRK at dei har pågripe fem personar for bedrageri mot Nato. Foto: Leif Rune Løland / NRK
Publisert 14. okt. kl. 14:00
Oppdatert 14. okt. kl. 15:19
Fem personar blei pågripne i heimane sine i bergensområdet onsdag.
Økokrim meiner at dei sikta tok for mykje betalt for tenester dei har levert til Nato-skip i norske hamner.
Dei er sikta for grovt bedrageri, eller medverknad til dette.
Arbeidet på skipa er gjort langs heile norskekysten.
Mennene som er sikta, jobbar eller har jobba i det same selskapet.
– Dette er ei veldig alvorleg sak, seier statsadvokat Marianne Bender i Økokrim til NRK.
Økokrim kom på sporet av saka då Nato sjølv mistenkte at dei hadde blitt overfakturert av selskapet.
Dei fem skal ha overfakturert Nato for over 10 millionar kroner.
Dette skal ha skjedd i ein periode frå 2021 til 2025.
Her er Nato-sjef Mark Rutte i Norge under en øvelse ved Ramneset i Nordland i fjor. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Økokrim fortel at dei har gjort ei rekke ransakingar i bergensområdet i forbindelse med saka. Både på private – og selskapsadresser.
Det er tatt dokumentbeslag og digitalt beslag i saka.
I tillegg har fleire selskapsadresser i Romania og Tyskland blitt ransaka av rumensk og tysk politi. Også der har private adresser blitt ransaka.
– Over heile verda aukar budsjetta til forsvarssektoren. Det fører til auka risiko for økonomisk kriminalitet, seier Bender.
Dette er første gong Økokrim ser ei slik type bedragerisak mot Nato. Ifølgje Bender er dette eit området Økokrim følgjer med på.
– Dersom Nato har blitt svindla vil det bli slått hardt ned på, seier Bender.
NRK har vore i kontakt med Nato sitt hovudkvarter i Brussel om saka. Dei vil ikkje gi nokon kommentar, men viser til norske myndigheiter.
Forsvarsdepartementet vil heller ikkje kommentere saka, og viser til Økokrim.
Vurderer fengslingØkokrim har inngått ein avtale med innkjøpsavdelinga til Nato for å kunne dele informasjon mellom seg. Målet er at det skal bli lettare å avdekke mistenkelege forhold.
Etterforskinga er framleis i ein tidleg fase.
Statsadvokaten fortel at det skal vere Nato-skip frå fleire land som har blitt svindla, og at det skal ha skjedd ved mange norske hamner.
– Det er for tidleg å seie kva medlemsland som til slutt har fått tapa, seier Bender.
Dei sikta mennene blir avhøyrde på politihuset i Bergen onsdag ettermiddag.
– Vi skal ta stilling til om dei skal framstillast for fengsling onsdag, seier Bender.
NATO si faste styrke, SNMG1, kom til Bodø i november i fjor. Foto: Edward Valentin Coates / Forsvaret
Publisert 14. okt. kl. 14:00
Oppdatert 14. okt. kl. 15:19
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Mangemillionær varetektsfengslet - siktet for Nato-bedrageri | 0 | 26.67 | 15-10-2026 |
| 2 | Børsfall for Nordic Mining – miljørørsla ber Støre gripa inn i Førdefjorden | 0 | 5 | 06-07-2026 |
| 3 | Over 16.000 vil delta på Norseman – dobla på eit år | 0 | 17.1 | 16-10-2026 |
| 4 | Ville unngå gjenger bak Oasen: Da laget de dette | 0 | 10 | 20-09-2026 |
| 5 | MDG med budsjettkrav om stans av gruvetømming i Førdefjorden | 0 | 10 | 15-10-2026 |
| 6 | INSÄNDARE: Arbetslösheten kostar Örnsköldsvik miljoner | 0 | 8.71 | 17-07-2026 |
| 7 | Ung mann fra Sunndal omkom i ulykke – kriseteam koblet inn | 0 | 10 | 22-09-2026 |
| 8 | Miljødirektoratet: Bør seie ja til midlertidig tømming i Førdefjorden | 0 | 10 | 19-08-2026 |
| 9 | BA: Åsane har ikke penger til å utbetale lønn | 0 | 10 | 14-10-2026 |
| 10 | Sunnmørsfamilie reiste til VM: – Ein må ha magemål | 0 | 5 | 10-07-2026 |