Nokon har aksjonert, medan andre har investert i gruvedrift ved Førdefjorden. Foto: Odin Otnes Austring / NRK
Publisert 15. okt. kl. 07:23
MDG seier dei vil prioritere saka høgt i budsjettforhandlingane.
– Dette vil bli svært vanskeleg for regjeringa å komme utanom, seier Marius Dalin, stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne frå Sogn og Fjordane.
Kravet frå MDG kjem samstundes som gruveselskapet Nordic Mining seier dei kan vere nær konkurs.
– Budsjettforhandlingar handlar først og fremst om fordeling av pengar. Blir det ikkje litt på sida med eit sånt krav om utsleppsløyve?
– I statsbudsjettet er det litt tal og enorme mengder tekst som seier korleis politikk skal vere. Vi meiner det er heilt feil å hevde at det ikkje har noko med budsjett å gjere, seier Dalin.
MDG vil gjere utsleppsløyve til ei sak i budsjettforhandlingane. Foto: Storm Pessl-Kleiven / NRK
Målet til MDG er å forplikte dei raudgrøne partia til eit vedtak i Stortinget som ber regjeringa trekke utsleppsløyvet.
Også Sosialistisk Venstreparti vil at regjeringa skal setje ein stoppar for sjødeponiet og tek saka inn i forhandlingane.
– Regjeringa har behandla Førdefjorden som ein søppelplass, vi kan ikkje la regjeringa skrote rettsstaten også, seier nestleiar Lars Haltbrekken i SV.
Terje Kollbotn i Raudt seier dei allereie i neste veke vil utfordre regjeringa til å trekke tilbake løyvet under spørjetimen i Stortinget.
– Vi meiner det hastar å stanse dumpinga av gruveavfall i fjorden og vil ikkje vente til budsjettforhandlingane med å ta den kampen til Stortinget.
Senterpartiet er derimot positive til gruvedrifta.
Akutt pengekriseNyleg fekk Nordic Mining eit mellombels løyve til å sleppe ut 4,5 millionar tonn gruveavfall på tre år. I løpet av den tida skal regjeringa vurdere om det er grunnlag for eit nytt, permanent løyve.
Det opphavelege utsleppsløyvet vart nemleg kjent ugyldig av Høgsterett i juni.
Nordic Mining har hatt trøbbel med å få dreisen på gruvedrifta. Foto: Jostein Vedvik/Nordic Mining
Men no har Nordic Mining eit meir akutt problem: Milliardar i gjeld og tom lommebok.
Tysdag åtvara dei om mogleg konkurs innan kort tid.
Men viss selskapet går over ende, betyr det ikkje at miljørørsla automatisk kan sleppe jubelen laus.
– Eg trur det mest sannsynlege er at nokon vil ta over etter ein konkurs, seier investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.
Dermed er det løyvet frå regjeringa som truleg blir det avgjerande i kampen om Førdefjorden.
Dei siste vekene har Nordic Mining tapt ytterlegare ein million kvar dag som aksjonistar har vore i Vevring. Foto: Odin Otnes Austring / NRK
Arbeidarpartiet vil ikkje kommentere kravet frå MDG.
– Eg kjem ikkje til å svare ut enkeltkrav verken før eller under forhandlingane, seier Even Røed i Ap.
Miljørørsla meiner at regjeringa ikkje respekterer dommen frå Høgsterett når dei ikkje stansar gruvetømminga. Regjeringa meiner dei har sitt på det tørre, medan jussekspertar ikkje er einige om kva som er rett å gjere.
Nordic Mining har investert over 3 milliardar kroner i anlegget på Vevring, der om lag 100 personar jobbar.
Om selskapet går konkurs, vil gruva bli lagt ut for sal. Då vil nokon i prinsippet ha moglegheit til å overta anlegget, utan all den heftige gjelda.
Anlegget ligg tre kvarters køyretur frå Førde. Foto: Naturvernforbundet
Årsaka til pengekrisa er verken miljøaktivistar eller dommen i Høgsterett, men at det har vore særs vanskeleg å utvinne mykje mineral til god kvalitet.
Publisert 15. okt. kl. 07:23
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Mangel på norsk kjøttdeig: – Fordeler så godt vi kan | 0 | 10 | 14-04-2026 |
| 2 | Fem nordmenn sikta: Skal ha svindla Nato for fleire millionar | 0 | 10 | 14-10-2026 |
| 3 | Gruveselskapet Nordic Mining varslar mogleg konkurs | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 4 | Mangemillionær varetektsfengslet - siktet for Nato-bedrageri | 0 | 26.67 | 15-10-2026 |
| 5 | Frivillige utslitne av redningsaksjonar i fjellet | 0 | 10 | 19-08-2026 |
| 6 | Pelimyynti sakkaa Norjassa – ravipäivät leikkuriin | -2 | 3 | 25-06-2026 |
| 7 | MP vill höja bidraget i CSN och utreda vinterlov för studenter | 0 | 6.23 | 08-09-2026 |
| 8 | Минэнерго обратилось в кабмин с предложением ускоренно осуществить запрет экспорта бензина | 0 | 0 | 30-07-2021 |
| 9 | Госдума проконсультируется с МИД РФ о необходимости ратификации приостановки действия ДСНВ | 0 | 0 | 21-02-2023 |
| 10 | Госдума призывает предотвратить ущерб собору Святой Софии | 0 | 0 | 06-07-2020 |