I fjor var det 7.000 påmelde. I år er det over 16.000. Foto: Amalie Kristine Straume / NRK
Publisert 16. okt. kl. 17:32
Oppdatert 16. okt. kl. 20:04
16.000 har ønske om å symje 3,8 km, sykle 180 km og løpe 42,2 km frå Hardangerfjorden til Gaustatoppen.
– Jonny Andersen du er aktiv triatlet: Kva er gale med folk?
– Heile Norseman er blitt veldig mytisk.
Andersen er styreleiar i Kondis, norsk organisasjon for kondisjonsidrett, og har sjølv gjennomført Norseman. I 2013 stod han på startstreken i Eidfjord.
Neste år vil svært mange gjere det same.
Heile 16.033 personar frå 110 land har meldt seg på trekninga om startplass til Norseman 2027. Det er meir enn dobbelt så mange som året før.
I 2027 er det 335 startplassar i triatlonen, men i praksis kjempar dei fleste om berre 125 av desse plassane.
Ein stor del av startnummera er nemleg sett av til folk som har samla poeng gjennom andre triatlon, såkalle X-points. Samstundes er nokre av plassane sett av til profesjonelle utøvarar og deltakarar frå verdsturneen XTRI World Tour.
Andersen seier at populariteten kjem frå status å kunne klare det, og at veksten må sjåast i samanheng med ein større trend.
– Skil seg frå andre triatlonTriatlon og Ironman-konkurransar har fått stadig meir merksemd både i Noreg og internasjonalt. Samstundes har treningsprofilar og sosiale medium gjort ekstreme uthaldskonkurransar synlege for langt fleire.
– Folk får auge på det. Det er eit stort fokus på å utfordre seg sjølv og presse sine eigne grenser, seier Andersen.
Men Norseman skil seg ut frå mange andre triatlon.
Deltakarane startar med å hoppe frå ei ferje og symje 3,8 kilometer i Hardangerfjorden. Deretter ventar 180 kilometer på sykkel og eit maraton før dei beste får avslutte opp mot Gaustatoppen.
– Ferja, bileta, kor vanskeleg det er å få plass og den svarte T-skjorta. Alt er med på å bygge opp mystikken, seier Andersen.
Kristian Grue fekk fyrste plassen i årets Norseman. Foto: NXTRI/Alexander Koerner
Også slagordet «This is not for you» meiner han kan vere med på å lokke folk.
– Då kjem spørsmålet: Hadde eg klart dette?
Jakta på den svarte trøyaNorseman har også fått ein eigen status blant mosjonistar.
Dei 160 første som kjem langt nok innan tidsfristen får gå vidare mot Gaustatoppen og kjempe om den ettertrakta svarte finisher-trøya.
Andersen omtalar det som «søken etter den heilage svarte trøya».
Han meiner det å gjennomføre noko som verkar nesten uoppnåeleg, har blitt ein status i seg sjølv.
Samtidig åtvarar han mot å undervurdere utfordringa.
– Det er viktig å ha respekt for at ein må vere førebudd.
Arrangørane har strenge tryggleiksreglar og tidsgrenser, og deltakarar som ikkje held nivået blir tekne ut undervegs.
Sykkeldelen av Norseman går 180 kilometer frå Eidfjord over Hardangervidda og heilt til Austbygde ved Tinnsjøen. Foto: Hans Kristian Krogh-Hanssen
Interessa har også endra seg.
Medianalderen blant dei som søkjer startplass har gått frå 38 til 34 år. Meir enn halvparten er no under 35.
Talet på kvinner som har søkt har nesten tredobla seg, frå 652 til 1907.
Eit av startnummera er blant tinga ein kan by på under årets TV-aksjon søndag 18. oktober:
Andersen trur den sterke interessa også kan smitte over på resten av triatlonsporten.
– Det er ei stor triatlonbølge, som kan smitte over på dei andre ekstreme testane.
For dei aller fleste av dei 16.033 som har meldt seg på Norseman 2027, blir likevel utfordringa først å kome gjennom nålauget.
NRK rettar: I ein tidlegare versjon av saka stod det at folk kjempa om rundt 270 plassar. Det er ikkje riktig. Det er totalt 335 startplassar tilgjengeleg, berre rundt 125 av desse fordelast til vanlege påmelde. Endringa vart gjort 16. oktober kl. 20:00.
Berre 250 av dei 16.000 påmelde får plass på ferja neste sommar. Foto: Amalie Straume / NRK
Publisert 16. okt. kl. 17:32
Oppdatert 16. okt. kl. 20:04
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Fem nordmenn sikta: Skal ha svindla Nato for fleire millionar | 0 | 10 | 14-10-2026 |
| 2 | Число площадок Этнографического диктанта в Мурманской области выросло в 1,5 раза | 0 | 0 | 01-11-2018 |
| 3 | МЧС: число посетителей крещенских купаний в Москве ежегодно растет на 3 тыс. | 0 | 0 | 16-01-2020 |
| 4 | IFK Göteborg - Örebro SK | 0 | 32.22 | 28-05-2026 |
| 5 | Свыше 15 тыс. человек примут участие в подмосковном этапе "Лыжни России" | 0 | 0 | 07-02-2019 |
| 6 | Umeå IK - Sandvikens IF | 0 | 32.22 | 28-05-2026 |
| 7 | Brasseriet ska mätta 3 500 festivalbesökare – före premiären | 0 | 18.33 | 22-06-2026 |
| 8 | Число участников чемпионата WorldSkills Russia на Урале увеличилось в 1,5 раза в 2022 году | 0 | 0 | 14-02-2022 |
| 9 | RECENSION: Smart sätt att begripa 17 000 flyktingar | 0 | 22.5 | 13-03-2026 |
| 10 | В Мурманской области "Ночь музеев" собрала рекордное число участников | 0 | 0 | 20-05-2025 |