Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Større båt krasja med kai i Os – trur tekniske problem er årsaka

Дата публикации: 10-08-2026 07:14:34



Основное содержимое страницы с новостью.

Klokka 06.45 fekk naudetatane melding om at ein større båt hadde kollidert med kaia i Os i Bjørnafjorden.

Det er fem personar om bord. Ingen av dei er skadde, men det er større materielle skader på trebrygga, melder operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt.

Foto: eskil byrkjeland / NRK

Båten er ein fraktebåt på 58 meter. Ifølge politiet er både båten og kapteinen norsk.

Politiet: - Fekk problem under rygging

Politiet har snakka med kapteinen om bord. Det er ikkje mistanke om promille.

– Det kan vere tekniske problem som er årsaka til krasjen, skriv Brakstad i ei oppdatering like før 08.30.

Trebryggar har store skader. Det er kommunen som eig brygga.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Kapteinen har forklart at han skulle rygge då det gjekk gale.

– Vi er på staden og dokumenterer, og så tek vi ei vurdering om vi skal etterforske saka vidare, seier Brakstad.

Båten har ei gravemaskin om bord.

Nabo: - Høyrde eit høgt smell

Det var ein nabo i området som varsla 110 Vest om hendinga.

– Ho fortalde at ho høyrde eit høgt smell frå Hamnevegen og det viste seg å vere ein stor båt som hadde gått i kaia, seier Frode Eide.

110 Vest var i SAR-varsling med hovudredningssentralen.

Brannvesenet jobbar med å sikre brygga sidan den har fått ein god del skader, seier Eide.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Båten blir no taua vekk frå staden, opplyser NRK sin reporter på staden.

Publisert 10.08.2026, kl. 09.14 Oppdatert 10.08.2026, kl. 09.36

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1KRÖNIKA: Poängen är att det är läge att sitta lugnt i båten0514-06-2026
2Meiner dei har funne løysinga på brunsnigelproblemet06.8211-08-2026
3Российский траулер завалился на бок при спуске на воду в Норвегии0025-03-2021
4Названы проблемы США с блокировкой Ормузского пролива0515-07-2026
5Oslo jaget båteiere – nå søker de nødhavn andre steder-3602-07-2026
6Российское судно потеряло ход в Баренцевом море0022-10-2019
7INSÄNDARE: Frågan är större än Kif och ÖSK0503-07-2026
8LEDARE: Östersunds elbussar räcker inte för Sverige07.6628-07-2026
9Ространснадзор назвал причины крушения судна "Онега"0002-03-2021

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.