Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Meiner dei har funne løysinga på brunsnigelproblemet

Дата публикации: 11-08-2026 15:23:09

Brunsnigelen er eit problem for mange hageeigarar, men Voss hagelag meiner dei har funne ei løysing.

Основное содержимое страницы с новостью.

Brunsniglar har sidan 1988 invadert hagar over nesten heile Noreg.

Voss er ikkje unntaket. Der leitar Kikki Sørgård under in busk og drar fram det ho meiner har endra hagen hennar mykje, ei snigelfelle.

– Du fyller på her, på det som er meir som toppen av ei brusflaske, og så kjem sniglane inn her. Dei et Ferramol og så døyr dei etterpå.

Den grøne snigelfella er snigelmiddel.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tidlegare kunne ho finne og klippe rundt 400 brunsniglar på ein kveld i hagen sin, men det er endra no.

– I går kveld var det fem.

Kjøpte inn kilovis

Voss hagelag kjøpte i år, med støtte frå sponsorar, inn 150 kilo med snigelmiddel. Dette har dei delt ut gratis til hageeigarar, blant anna på medlemsmøte.

Jan-Ove Nordvik i Voss hagelag ønsker at alle skal ta sitt tak i kampen mot brunsnigelen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me har gjort det rett og slett fordi me vil bli kvitt brunsnigelen. Det er veldig viktig, ikkje minst for mattryggleiken, seier formann Jan-Ove Nordvik i Voss hagelag.

– Voss er ei matbygd, og det er veldig viktig at bønder ikkje blir angripne endå meir av brunsnigelen enn det dei er i dag.

Voss hagelag har kjøpt inn to forskjellige jernfosfatmiddel. Det eine må ein ha autorisasjon for kjøp og bruk. Difor har hagelaget lagt det ut på gravplassar og liknande, der personar med sprøytesertifikat kan nytte dette. Det andre må ein ikkje ha autorisasjon for.

Ein brunsnigel et snigelmiddelet.

Foto: Kari Nygard Tvilde/NRK

Snigelmiddel består av jernfosfat som stoppar sniglane frå å ete og dei kryp vekk, gjerne under jorda, for å døy. For andre enn sniglane skal middelet vere trygt.

– Det fungerer som berre det. Eg har ikkje tal på kor mange sniglar Voss hagelag no har på samvitet, men me har mange, mange, mange tusen, seier Nordvik.

Ein brunsnigel forsyner seg av snigelmiddelet.

Foto: Kari Nygard Tvilde/NRK
Kan ha effekt

Likevel er ikkje snigelmiddel for alle. Assisterande butikksjef Kai Terje Stenkjær på Felleskjøpet Voss innrømmer at jernfosfatmiddel er dyrt.

Assisterande butikksjef Kai Terje Stenkjær på Felleskjøpet Voss seier snigelmiddel er berre eitt av tiltaka som må til for at ein skal bli kvitt brunsnigelen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Blomane du kjøper som blir etne av brunsniglane er dyre dei også, så det er ei økonomisk vinning der, kan du seie.

Han innrømmer også at middel ikkje er den einaste løysinga.

– Det er eit veldig godt middel, men det trengst meir til for å overvinne problemet.

Bjørn Arild Hatteland er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Bjørn Arild Hatteland er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi, og har forska blant anna på brunsniglar.

– Jernfosfatmiddel kan ha ein del effekt. Me har sett i forsøk at Sluxx, som er ei meir konsentrert utgåve av Ferramol, kan ha ganske god effekt, samanlikna med andre middel ein får tak i.

– Det er vel som med mange ting, at det hjelper viss mange går i lag om noko.

  • For at ein skal få mest mogleg ut av snigelmiddel, må ein ha feller, som eit fat med ein stein under.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Feller trengst for at det kostbare middelet ikkje skal regne vekk eller forsvinne i magane til fuglar eller dyr. Hagedekorasjonar med hol under er fine snigelfeller å legge snigelmiddel under.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Fellene kan vere nærmast gratis. Klipper du av toppen og botnen av ei brusflaske kan desse brukast som feller, dersom ein lagar eitt hakk der snigelen kan krype inn..

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Ein smørboks kan også bli ei felle.

    Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
– Ein dugnad

Hatteland har fleire råd for å få redusert snigelbestanden.

Han seier ein kan følge med på våren kvar sniglane kjem frå, og bruke middel tidleg i sesongen i mai/juni.

På hausten er eitt råd å rydde i hagen og få snigelegg fram i sola, sånn at ein blir kvitt snigelegg, for ein snigel åleine kan legge opp til 400 egg.

Klipping må også framleis til.

Ein brunsnigel blir klipt i to.

Foto: Kari Nygard Tvilde/NRK

– Det er ein dugnad. Alle må gjere det, viss ikkje vil me ikkje bli kvitt det, seier hageeigar Kikki Sørgård.

For ho skjer klippinga no langt sjeldnare etter at ho tok i bruk snigelmiddel.

– Det er deilig. No kan eg gjere andre ting i hagen enn å berre jakte sniglar, seier ho og ler.

Prøver du å få bukt med brunsnigelen der du bur?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Har du tips?

Takk for at du las.

Eg tar meir enn gjerne imot tips eller tankar om denne eller liknande saker.

Send meg gjerne ein e-post.  

Publisert 11.08.2026, kl. 17.23

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Багаевская: День 18 дек, Вт0017-12-2018
2Багаевская: Утро 18 дек, Вт0017-12-2018
3Дмитрий Борисов Стихи Любовь Такая разная То сладость То война ...0021-02-2025
4Større båt krasja med kai i Os – trur tekniske problem er årsaka01010-08-2026
5В Кузнецке прошел городской конкурс «А ну-ка, парни!»0021-02-2025
6☝Мамы, хотите действительно отдохнуть и не думать как накормить любимых, ...5629-06-2026
7blairvoyant: Imagine paying $40 extra a month for TumblrThat’s what is going to happen if we let...0024-11-2017
80020-02-2025
9Банк в 2024 году увеличил поддержку туристической отрасли в 2,5 раза0020-02-2025
10Bønder slår tilbake mot «gladtal»: – Altfor tidleg å juble08.111-08-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 6.82. Источник: www.nrk.no.