Ikkje sidan 2018 har so lite straum blitt laga i juli. Samstundes var importen av straum den høgaste på over 20 år.
Ekspertar meiner straumen vil verte spesielt dyr i haust og ut vinteren.
Ikkje sidan 2018, eit unormalt tørt og varmt år, har so lite straum frå vasskraft blitt produsert i juli månad, syner nye tal frå SSB.
Samstundes har importen av straum ikkje vore so høg den same månaden sidan 2004.
Mindre vatn enn på mange årI mange delar av landet er det unormalt lite vatn i vassmagasina.
Nokre stadar er det over 20 år sidan det sist var so lite i lageret til kraftprodusentane.
– Det betyr jo at prisen vil halde seg mykje høgare enn det som er normalt for årstida, seier kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytics.
Christian Solevågseide, direktør for vasskraft i Tafjord Kraft, seier den snøfattige vinteren og regnfattige første halvåret har strupa produksjonen av straum.
– Som dei fleste har sett so er prisane litt høgare enn dei normalt plar vere på sommaren, seier Solevågseide.
Og slik vil det bli ut året, trur ekspertane.
Christian Solevågseide, direktør for vasskraft i Tafjord Kraft, seier dei har hatt unormalt låg produksjon av straum i sommar.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKI takt med at produksjonen har bremsa opp, har importen av straum auka. Ikkje sidan 2004 har Noreg importert so mykje straum frå utlandet ein juli månad:
– Det er jo eit veldig bra bilete på at kraftmarknaden faktisk fungerer, trass i at mange hevdar noko anna. Det er jo akkurat slik det er meint å fungere, seier Lars Magnus Günther, pressetalsperson i Statkraft.
Lars Magnus Günther i Statkraft meiner det at pila for import peikar opp når pila for produksjon peikar ned, er eit bilete på ein kraftmarknad som fungerer som den skal.
Foto: StatkraftMen større import vil bety ein meir «europeisk» straumpris enn ein er vand med i Noreg, ifølgje kraftanalytikar Botnen.
– Det betyr at ein må liggje nærare dei tyske og kontinentale prisane framover, for Sør-Noreg sin del.
Han seier at underskottet på vatn i magasina ikkje vil rette seg med nokre regnfulle haustveker, og at ein må halde fram med å importere meir straum enn vanleg ut året.
– Men ikkje mykje, for ein hadde ein buffer i utgangspunktet. I normalår har Sør-Noreg eit ganske stort kraftoverskott, men vassunderskottet no er endå større, seier Botnen.
Kraftanalytikar Olav Botnen meiner at Noreg må importere eit par terawattimar straum gjennom vinteren grunna underskottet av vatn i magasina i sør.
Foto: Erik Wiig AndersenSjølv om produksjonen er låg i Sør-Noreg, gjeld det ikkje alle.
I Midt-Noreg får ein straum frå Nord-Noreg og Sverige, som har meir tilgjengeleg vatn ifølgje Botnen.
– Det er heilt annleis i Nord-Noreg. Der er det veldig vått enno, so ein vil få tilført ein del kraft derifrå til NO3.
Publisert 14.08.2026, kl. 19.45
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Mindre odling begränsar prisfall på eko | 0 | 5 | 13-07-2026 |
| 2 | Europe’s daily LNG imports down to 20-month low | 0 | 5 | 04-07-2026 |
| 3 | Суточный импорт СПГ Европой снизился до минимального показателя за 20 месяцев | 0 | 5 | 04-07-2026 |
| 4 | Объем рублевых заимствований в июле оказался минимальным с сентября 2022 года | 0 | 19.09 | 10-08-2026 |
| 5 | Europe's daily LNG imports hit 23-month low — report | 0 | 15.09 | 21-07-2026 |
| 6 | Det mest dyrebare på veien er deg | 0 | 7.51 | 01-08-2026 |
| 7 | Prisras på lägenheter i juli: ”Sticker ut” | 0 | 9.82 | 02-08-2026 |
| 8 | Blomtjuvar har slagit till igen: ”Värsta på flera år” | -2 | 3 | 14-07-2026 |
| 9 | В России стали меньше производить водку | 0 | 25.38 | 07-08-2026 |