Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Retten på plass på Karlsøybruket: – Slepp å spekulere

Дата публикации: 06-10-2026 16:20:16

Etter ønske frå forsvararane har den omfattande fiskerikrimsaka i Nord-Troms flytta seg ut av rettssalen og ut på kaia.

Основное содержимое страницы с новостью.

– Eg meiner det er veldig viktig at retten får ei forståing av det praktiske, og korleis det reelt sett er å jobbe her, seier forsvarar Reidar Andresen, som representerer Karlsøybruket.

I dag møtte heile retten i Nord-Troms og Senja tingrett opp på Vannøya i Troms.

Karlsøybruket held til på Vannøya i Troms.

Både aktoratet, dommarane, forsvararane, representantar for Karlsøybruket, Fiskeridirektoratet og fire av dei tiltalte deltok på ei planlagd synfaring ute på Karlsøybruket.

Forsvarar Reidar Andresen meiner rettsforhandlingane må ta utgangspunkt i verkelegheita ute på kaia.

Foto: Sara Nå Aga / NRK

Åtte personar står tiltalt for systematisk feilrapportering og organisert kriminalitet i fiskerinæringa, i ei sak der påtalemakta meiner det manglar vegesedlar for fisk til ein verdi av 164 millionar kroner.

I tillegg har Karlsøybruket og tre reiarlag fått millionar i inndragingsførelegg.

Karlsøybruket som held til på Vannøya i Troms.

Foto: Sara Nå Aga / NRK
Avgjerande for å forstå

Forsvararane understrekar at turen til Vannøya er heilt avgjerande for at retten skal skjøne arbeidsforholda og tempoet på kaia.

Alt frå mottak av fisk, veging, sløying og logistikk på kaia.

– Det er rett og slett for at ein skal få et bilde på korleis dette fungerer i praksis, seier advokat Thomas Hansen, som representerer den eine kaiformannen.

Forsvarar Thomas Hansen seier synfaringa er heilt avgjerande for at retten skal skjøne arbeidsforholda på kaia.

Foto: Sara Nå Aga / NRK

Advokat Andresen meiner rettsforhandlingane må ta utgangspunkt i verkelegheita ute på kaia.

– Praktisk tilnærming er heilt sentralt i botnen, og så får ein ta teori og papir deretter, seier Andresen.

  • Påtalemakta meiner det manglar vegesedlar for fisk til ein verdi av 164 millionar kroner.

    Foto: Sara Nå Aga / NRK
  • Fagdommarane observerer arbeidet på kaia på Karlsøybruket.

    Foto: Sara Nå Aga / NRK
  • Medeigar i Fjordlaks, Amund Pedersen, viser retten rundt på fiskemottaket.

    Foto: Sara Nå Aga / NRK
  • Foto: Sara Nå Aga / NRK
  • Foto: Sara Nå Aga / NRK
  • Karlsøybruket held til på Vannøya i Troms.

    Foto: Sara Nå Aga / NRK
Enklare å sjå med eigne auge

Aktor Tor Børge Nordmo meiner synfaringa er viktig for å unngå spekulering.

– Det er først og fremst for å få sjå reint praktisk korleis det føregår, så ein slepp å spekulere i ting etterpå.

– Det er mykje enklare å sjå det sjølv med eigne auge, seier aktor Tor Børge Nordmo.

Aktor Tor Børge Nordmo seier det er enklare å sjå det med eigne auge, i staden for å spekulere.

Foto: Sara Nå Aga / NRK
Enorm belastning

Forsvarar Magnhild Meringen peikar på at synfaringa viser både profesjonaliteten og det høge tempoet dei tilsette jobbar under.

I tillegg legg ho ikkje skjul på at den langvarige saka har hatt sin pris for hennar klient.

– Min klient kjenner seg overhovud ikkje igjen i beskrivinga i tiltalen. Etterforskinga har gått føre seg i over tre år, i tillegg til ein så langvarig rettssak.

– Det er frykteleg belastande, både personleg og inntektsmessig, seier Meringen.

Forsvarar Magnhild Meringen, som representerer ein av fiskarane, seier rettssaka har vore belastande for klienten hennar.

Foto: Sara Nå Aga / NRK
Tiltalt for omfattande feilrapportering

Karlsøybruket står tiltalt for omfattande feilrapportering i perioden 2018–2023, der det skal vere underrapportert fisk for nærare 20 millionar kroner. Bedrifta har nekta å godta ei bot på 15 millionar kroner og eit inndragingskrav på 19 millionar kroner.

Saka fortset i tingretten utover hausten, der det totalt er sett av fire månader til forhandlingane. Alle dei tiltalte nektar straffskyld etter tiltalen.

Tiltalte
  • Kaiformann i 50-åra (Karlsøy)
    • Påtalemakta sin hovudmann

    • Kaiformann på Karlsøybruket på Vannøya i Troms

    • Førte eller medverka til uriktige opplysningar på sluttsedlar ved landing og omsetning av fangst frå ulike fiskefartøy, ifølgje påtalemakta

  • Kaiformann i 50-åra (Ålesund)
    • Tilknytt Karlsøybruket på Vannøya i Troms

    • Førte eller medverka til uriktige opplysningar på sluttsedlar ved landing og omsetning av fangst frå ulike fiskefartøy, ifølgje påtalemakta

  • Fiskar i 40-åra (Karlsøy)
    • Fiskar og fiskebåtreiar i eige selskap i Troms

    • Påtalemakta meiner han førte eller medverka til feilaktige opplysningar på sluttsedlar

    • Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene

  • Fiskar i 40-åra (Karlsøy)
    • Fiskar og fiskebåtreiar i eige selskap i Troms

    • Påtalemakta meiner han førte eller medverka til feilaktige opplysningar på sluttsedlar

    • Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene

  • Fiskar i 40-åra (Ålesund)
    • Fiskar og fiskebåtreiar i eige selskap på Sunnmøre

    • Påtalemakta meiner han som dagleg leiar lot vere å føre, eller sørgje for at det vart bokført, fullstendig og korrekt reknskap for selskapet

  • Fiskar i 30-åra (Hustadvika)
    • Påtalemakta meiner han underrapporterte fangst på sluttsedlar

    • Opptrådte som fiskar og mannskap på eige og andre sine fartøy, ifølgje påtalemakta, i eit innbyrdes samarbeid om over- og underrapportering på sluttsedlar

    • Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene

  • Fiskar i 40-åra (Molde)
    • Fiskar og fiskebåtreiar i eige selskap i Romsdal

    • Påtalemakta meiner han overrapporterte fangst på sluttsedlar

    • Opptrådte som fiskar og mannskap på eige og andre sine fartøy, ifølgje påtalemakta, i eit innbyrdes samarbeid om over- og underrapportering på sluttsedlar

    • Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene

  • Fiskar i 60-åra (Vestvågøy)
    • Påtalemakta meiner han underrapporterte fangst på sluttsedlar

    • Opptrådte som fiskar og mannskap på eige og andre sine fartøy, ifølgje påtalemakta, i eit innbyrdes samarbeid om over- og underrapportering på sluttsedlar

    • Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene

Ramma selskap
  • Karlsøybruket
    • Bot: 15 millionar kroner
    • Inndragingsforelegg: 19 millionar kroner
  • Reiarlag i Troms
    • Inndragingsforelegg: 2,45 millionar kroner
  • Reiarlag i Romsdal
    • Inndragingsforelegg: 209 000 kroner

  • Reiarlag på Sunnmøre
    • Inndragingsforelegg: 1,45 millionar kroner

Publisert 06.10.2026, kl. 18.20

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Verdens hav har ikke nok fisk til å mette norsk oppdrettslaks09.1806-10-2026
2Ap-ordførere i Nord-Troms misfornøyde med egen regjering: – Kampen er ikke over018.0407-10-2026
3Slik blir det nye Fisketorget. Åpner 1. mai.013.7805-10-2026
4NFF måtte ta nytt grep – cupkamper flyttes med fire måneder014.1707-10-2026
5Tatt på fersken i fremmed bil – fant flere verdisaker01027-09-2026
6Dømt til fengsel etter båtulykke07.6802-10-2026
7Se Nordnytt: Krever ny bru på E6 i Sør-Varanger01006-10-2026
8No skal kong Haakon ut i landet – hit går den fyrste reisa06.7507-10-2026
9Норвежский суд получил запрос на слушание по делу "Профессора Молчанова"010.9129-09-2026
10Норвежский суд согласовывает дату слушания по делу судна "Профессор Молчанов"08.9805-10-2026

Классификация: Арктика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 11.19. Источник: www.nrk.no.