Diskusjonen går høgt om to utanlandskablar til Danmark skal fornyast.No har Statnett og danske Energinet brukt 160 millionar på å fikse ein av dei.
Dei to første utanlandskablane mellom Noreg og Danmark blei lagde på 70-talet.
I sommar oppstod det ein feil på den eine kabelen, Skagerrak 2.
Måndag skriv Statnett i ei nyheitsmelding at kabelen er fiksa.
– Vi kunne nokså tidleg slå fast at det var snakk om ein slitasjeskade og ikkje sabotasje, seier Werner Schuhmacher i Statnett i meldinga.
Det er fire kablar mellom Noreg og Danmark. Dette biletet er frå 2013 då den siste kabelen blei lagt.
Foto: Michael Bo Rasmussen / Michael Bo Rasmussen / BaghusetStatnett og danske Energinet har brukt 160 millionar på fikse kabelen.
Statnett opplyser at dette var noko høgare enn dei hadde rekna med. Det skuldast at dei trengde noko lenger tid til reparasjonsarbeidet.
– Reparasjon av sjøkabel er omfattande og involverer fleire aktivitetar. Det blei stilt krav til fagkompetanse, samarbeid og gjennomføring under varierande verforhold.
Ifølgje Energiwatch, som først omtala at kabelen var i orden, har Statnett og Energinet tapt 96,8 millionar på driftsstansen. Dette skuldast at dei har gått glipp av såkalla flaskehalsinntekter.






Bilete frå Dagsrevyen då kabelen til Danmark blei lagt i 1976.
NRKDei to utanlandskablane blei lagde i ei tid då Noreg trengde å betre forsyningstryggleiken. Femti år seinare har fleire parti teke til orde for at ein ikkje skal legge nye kablar når levetida for Skagerrak 1 og 2 er over.
Difor vekker det reaksjonar at Statnett sette i gang vedlikehaldsarbeidet i sommar.
Maren Grøthe (Sp) sende 25. september eit spørsmål til energiminister Terje Åsland (Ap) om saka.
Der spør ho om det er rett «å bruke 130-160 millionar kroner på å reparere ein kabel som når si tekniske levetid i 2027».
Energiministeren har enno ikkje svart på dette spørsmålet.
Maren Grøthe (Sp).
Foto: William Jobling / NRKStatnett vurderer no om dei skal søke om konsesjon for å erstatte Skagerrak 1 og 2.
I sommar varsla Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum at han vil ta saka til Stortinget. Han meiner Stortinget må pålegge regjeringa å instruerer Statnett til å avslutte arbeidet med nye kablar.
Den gong svara Terje Åsland slik på kritikken.
– Statnett vurderer også eit alternativ der dei eldste kablane ikkje blir erstatta når dei sluttar å fungere. I så fall blir det ingenting å ta stilling til. Så lenge Statnett ikkje har sendt ein slik søknad, er det heller ikkje noko å seie ja eller nei til.
Ap har programfesta at dei to eldste kablane ikkje skal fornyast.
Publisert 28.09.2026, kl. 23.36 Oppdatert 28.09.2026, kl. 23.43
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Veckans fastighetsffärer: Såldes för miljoner – och för bara 100 000 | 0 | 19.07 | 19-09-2026 |
| 2 | Stanser fakturering etter beskjed fra Helsedirektoratet | 0 | 10 | 28-09-2026 |
| 3 | Satsar 40 miljoner | 0 | 19.09 | 17-09-2026 |
| 4 | Här är nya önskemålen – kostar 1,5 miljarder | 0 | 20 | 21-09-2026 |
| 5 | – Det går an å bygge uten å være millionær | 0 | 7.9 | 17-09-2026 |
| 6 | Hitachi Energy investerar fem miljarder | 0 | 10 | 18-09-2026 |
| 7 | Over 50 møtte opp på visning | 0 | 16.53 | 26-09-2026 |
| 8 | Tatt på fersken i fremmed bil – fant flere verdisaker | 0 | 10 | 27-09-2026 |
| 9 | Uefa bekrefter: Fredrik Sjøvold og Sondre Langås må se Danmark-kampen fra tribunen | 0 | 11.2 | 24-09-2026 |
| 10 | Fastigheten på Norra Gävlevägen 160 i Hedesunda såld – för 1,6 miljoner | 0 | 37.27 | 23-09-2026 |