Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Er du førebudd til jaktsesongen? 

Дата публикации: 07-09-2026 12:02:46

Jaktsesongen er i gong, og no med flunkande nytt lovverk! Som jeger har ein sjølv ansvar for å ha kunnskap om dei gjeldande reglane for jaktutøvinga.

Основное содержимое страницы с новостью.

Artikkel   ⏲ 7. september 2026 14:02   👤 Meta Eline Ipsen Sande, Lovdata  

I juli 2026 blei viltlova oppheva, og viltressurslova trådde i kraft. Det gir ei god anledning for å friske opp og oppdatere kunnskapen sin før ein drar i marka.

Bakgrunnen for den nye lova var dels å omstrukturere reglane og modernisere språket. Mykje av det sentrale innhaldet er difor uendra. Likevel har relevant utvikling i teknologi og samfunnet gjort det naudsynt med nokre nye reglar.

Tydelegare omsyn til dyrevelferd

Etter viltressursloven § 21 skal jakta "utøves på en dyrevelferdsmessig forsvarlig måte". Formuleringa erstattar kravet om "human jakt" i viltlova § 19. Innhaldet i regelen er i hovudsak det same, men med endringa blir det tydelegare i sjølve lovteksten at dyrevelferd er eit sentralt omsyn.

Det er krav om at jegeren er aktsam, utviser god jegerskikk, ikkje utsett viltet for unødige lidingar, og heller ikkje fare for unødige lidingar. I Landbruks- og matdepartementets kommentarar til lovforslaget kjem det fram at dersom ein fylgjer regelverket og tilrådingar ein får under jegeropplæringa vil ein normalt vere innanfor kravet, sjå Prop. 78 L (2024-2025) kapittel 8.1.4.

Omsynet til dyrevelferd er førande for mellom anna reglane om kva for våpen og ammunisjon ein kan bruke, korleis ein gjer ettersøk og bruk av jakthund, sjå viltressurslova §§ 22, 24 og 27.

Ny regel om synleg lys og særskilde siktemiddel

Viltressurslova § 26 har ei teknologinøytral formulering og regulerer bruk av lyskjelder som gir "synlig lys under jakt og fangst" og bruk av "restlysforsterkende og termiske siktemidler".

Utgangspunktet er at bruk av slike hjelpemiddel ikkje er tillaten, men det er opna for unntak frå forbodet ved forskrift. Til dømes tillet forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst § 29a bruk ved "den umiddelbare undersøkelsen av og rundt skuddstedet" og ved "ettersøk av påskutt hjortevilt, villsvin og rødrev". I tillegg kan ein bruke restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort dersom kommunen har tillate dette i lokal forskrift på grunn av høg bestandtettleik.

Bruk av "nattkikkertar" med restlysforsterkande eller termisk teknologi berre til observasjon er ikkje omfatta av forbodet. Ein kan ikkje montere kikkerten på våpenet og bruke han som siktemiddel.

Fleire endringar i forskrift

Viltressurslova er som viltlova heimel for sentrale og lokale forskrifter som nærmare regulerer jakt og fangst. Reglane for merking av feller og bruk av drivande hund er endra i forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst.

Feller skal no også merkast med telefonnummer til kommunal viltmyndighet, i tillegg til brukarens jegernummer sjå § 32. For kvotejakt på gaupe og lisensfelling av jerv skal fella merkast med nummeret til statsforvaltaren.

"Drivande hund" er det nye omgrepet for "løs, på drevet halsende hund". No er det også tillet å nytte seg av slik hund ved elgjakt, sjå forskrifta § 22. Det er nokre restriksjonar for bruken ein må være merksam på. Det er til dømes forbode å la fleire enn to lause hundar forfølgje det same dyret samtidig, med unntak for bruk av fuglehund under fuglejakt etter § 22a. Etter § 22b er det også forbode å bruke hund som held, skadar eller drep viltet med bitt. Ein kan likevel ha hund som apporterer skoten småvilt.

Lokale forskrifter har fortsatt stor betydning for jaktutøvinga. Prinsippet om at viltet er freda fram til noko anna er vedtatt ved lov eller forskrift, er vidareført. Ein må difor undersøke lokal lovgiving for å vite kva for artar ein kan jakte på, i kva for område og med kva for metode. I Lovdata sitt register for lokale forskrifter finn ein meir informasjon.

Føremålet med viltressurslova er å sikre ei berekraftig og forsvarleg forvalting av viltressursane. Ved å vere oppdatert på gjeldande rett vil jegeren bidra til dette.

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Nytt semester – ny lånekassensøknad07.1619-08-2026
2Soppens magiske verden01001-09-2026
3Rettigheter og plikter i sommerjobb. Hva har du krav på?0513-07-2026
4Dårlig fangst i årets laksefiske: – Ser ikke veldig lovende ut-5501-07-2026
5Disse lovene og reglene gjelder fra 1. juli 20260530-06-2026
6School's almost out, but schools of fish are in: Shep On Fishing07.4622-06-2026
7Sommarhelsing frå Lovdata0506-07-2026
8Сезон охоты начинается в Тверской области07.7905-08-2026
9В Подмосковье стартует сезон охоты на пернатую дичь0009-07-2025
10Trur jordbærsesongen kan bli lengre enn vanleg2608-07-2026

Классификация: Арктика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 8.16. Источник: lovdata.no.