1. divisjonsklubben treng 2 millionar kroner i løpet av få dagar for å unngå konkurs. Hovudsponsoren har allereie sagt nei til meir støtte.
108 år lang fotballhistorie kan gå mot slutten på Raufoss i Innlandet.
– Raufoss Toppfotball er i ein kritisk situasjon i forhold til å drifte klubben ut året, seier styreleiar i Raufoss Toppfotball, Mathias Engebakken, til NRK.
Trass lågt budsjett står 1. divisjonsklubben i fare for å gå konkurs dersom ikkje eit millionbeløp tikkar inn på konto i løpet av få dagar.
– Vi har sagt at vi treng 2 millionar kroner innan veldig kort tid for å klare oss. Vi treng litt meir etter det for å sikre drifta ut året.
Mathias Engebakken, styreleiar i Raufoss Toppfotball.
Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRKEngebakken fortel at krisa har oppstått som ein kombinasjon av fleire ting, mellom anna sviktande sportslege resultat.
Klubben ligg etter 23 serierundar nedst på tabellen og står i fare for å rykke ned til 2. divisjon.
Hovudsponsoren seier neiSkulle klubben ikkje klare å hente inn pengane, vil det bety slutten for A-laget og andrelaget for Raufoss herrar.
Samstundes vil dei regionale satsingslaga på ungdomsnivå og akademiet forsvinne, ifølgje Oppland Arbeiderblad, som først omtalte saka.
Damelaget vil også bli råka, men kan halde fram sesongen. Dette sidan damelaget er ein del av Raufoss IL Fotball, og ikkje Raufoss Toppfotball. Damelaget blir likevel råka av at all administrasjon og økonomisk støtte, som kjem frå toppklubben, vil forsvinne.
– Vi står på kanten av stupet, seier nestleiar i styret, Thomas Danbolt, til avisa.
Hovudsponsoren til klubben, forsvarsindustrikonsernet Nammo, har allereie varsla at dei ikkje vil gi meir støtte til klubben no.
– Det er ein veldig trist situasjon, men vi har støtta klubben gjennom mange år, seier kommunikasjonsdirektør Thorstein Korsvold til OA.
Nammo er hovudsponsoren til klubben. Forsvarsindustrikonsernet har sagt nei til å hjelpe klubben ut av krisa.
Foto: Thomas Fure / NTBTrass i usikkerheita har styreleiar Mathias Engebakken tru på at ting skal kunne løyse seg til slutt.
– Om ein ser at det ikkje er drivbart, så må ein til slutt melde oppbod. Det er ei plikt ein har som styre. Vi jobbar beinhardt for å unngå det. Vi står opp kvar dag og har trua på at vi skal klare det, og der er vi framleis.
Det kan gå mot slutten for toppfotball på Raufoss. Bildet er frå 4. runde i fotball NM for menn i 2023, då Raufoss vann over Viking.
Foto: NTBStyreleiaren peikar på at klubben driv toppfotball på lågbudsjett, utan dei same rammene som konkurrentane har.
– Der andre klubbar har investorar eller andre som hjelper dei i det stille når dette skjer, har Raufoss aldri hatt det. Når vi hamnar i den problematikken, så må vi gjere det vi gjer no.
Publisert 24.09.2026, kl. 18.16
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | ФК "Тамбов" отзовет иск о банкротстве, если получит финансирование | 0 | 0 | 05-02-2021 |
| 2 | Гендиректор гандбольного СКИФа заявил, что для спасения клуба необходимо 60 млн рублей | 0 | 0 | 21-10-2020 |
| 3 | Комиссия по лицензированию РФС рассмотрит ситуацию с "Тамбовом" 19 февраля | 0 | 0 | 18-02-2021 |
| 4 | Футбольный клуб "Тамбов" подал иск о банкротстве | 0 | 0 | 05-02-2021 |
| 5 | Футбольный клуб "Уфа" может лишиться профессионального статуса | 0 | 0 | 15-05-2023 |
| 6 | Olsson: ”Det här laget ska kunna bli klart bättre” | 0 | 5 | 22-06-2026 |
| 7 | Футбольный клуб "Севастополь" находится на грани банкротства | 0 | 11.57 | 24-11-2013 |
| 8 | Рахимов: для спасения мини-футбольного "Динамо" необходимо минимум 50 млн рублей | 0 | 0 | 18-06-2020 |
| 9 | "Были на грани банкротства". "Ливерпуль" рассказал о финансовом положении клуба | 0 | 10 | 30-07-2026 |