Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Tiltalt for massivt kopartjuveri: Hevdar han sov i skogen etter krangel

Дата публикации: 17-09-2026 17:44:05

Ein nabo oppdaga dei to tiltalte da han var ute og flaug med drone. Sjølv nektar mennene for å ha noko med saka å gjere.

Основное содержимое страницы с новостью.

To austeuropeiske menn i 20- og 30-åra er tiltalte for å stele rundt 2,4 kilometer med koparleidningar.

Tjuveriet skjedde langs jernbanen på Stange i Innlandet.

Torsdag starta rettssaka mot dei to tiltalte i Hedmarken og Østerdal tingrett på Hamar.

Der nekta dei to tiltalte straffskuld da rettssaka mot dei starta.

FORSVARAR: Bjørn Philipson og Anis Andrei Kanbar representerer dei to tiltalte.

Foto: Ola Jakob Bjørlo Strande / NRK
– Sov i skogen

Den tiltalte mannen i 30-åra forklarte seg i retten med at han sov i skogen da hendinga skjedde.

I forklaringa si i retten sa mannen at han hadde hatt ein familiekrangel. Det gjorde at han bestemte seg for å gå til Oslo, for så å legge seg til å sove ute i skogen.

– Han stiller seg uforståande til kvifor politiet har pågripe han, seier forsvararen til mannen, Anis Andrei Kanbar.

Mannen i 20-åra forklarte på si side at han blei kasta ut av ein bil før pågripinga. Til liks med mannen i 30-åra, skal også han ha lagt på veg mot Oslo til fots gjennom skogen.

Han seier at han kan ha sett nokon i nærleiken av åstaden, men hevdar at han sjølv ikkje har noko med saka å gjere.

Torsdag starta rettssaka mot dei to mennene i Hedmarken og Østerdal tingrett.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Den tiltalte i 20-åra sprang frå politiet fordi han blei redd, forklarte han i retten.

Begge dei tiltalte seier at dei kjenner kvarandre «perifert».

– Vi meiner at dei bevisa vi har i saka greitt utelukkar dei forklaringane dei har komme med, seier politiadvokat Anders Møllersen.

AKTOR: Politiadvokat Anders Møllersen fører saka mot dei to mennene på vegner av Innlandet politidistrikt.

Foto: Ola Jakob Bjørlo Strande / NRK
Arrestert etter dronesøk

Ein nabo tipsa politiet om at det var fire personar nede ved toglinja.

Naboen skal ha funne ut av det når han flaug med drone som har varmesøkjande kamera på.

TVILANDE: Forsvarar Anis Andrei Kanbar vil argumentere mot kva naboen såg med dronen.

Foto: Ola Jakob Bjørlo Strande / NRK

Forsvarar Kanbar er tvilande til kva dronepiloten så.

– Det er eit spørsmål frå vår side kor klart ein kan identifisere personar på ein så liten skjerm, som vi reknar med at dronen hadde, og kor nøye ein kan sjå det i nattemørket, seier forsvararen.

Da politiet kom, sprang alle fire i kvar si retning.

Politiet begynte å leite etter personane med hundepatrulje og eigne dronar.

Dei to tiltalte blei pågripne kort tid etter.

Lue med DNA

Møllersen meiner dette er eit ledd i mobil vinningskriminalitet.

– Vi har berre eit tiltalepunkt for desse mennene, men vi ser at kopartjuveri er eit fenomen. Dei sakene tar vi alvorleg, seier politiadvokaten.

Foto: Politiet

Vidare i rettssaka kjem fagpersonell frå Bane Nor til å vitne.

Aktoratet vil i tillegg legge fram bevisa sine, blant dei ei lue med DNA frå mannen i 30-åra, som blei funnen i nærleiken.

Publisert 17.09.2026, kl. 19.44

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Ble dømt for planlagt drap av Jonas – anker saken til Høyesterett0509-07-2026
2Dømt til fengsel for drapsforsøk i Tromsø0526-06-2026
3Stjålet våpenskap på avveie05.0424-07-2026
4Trygler faren om å røpe hva han gjorde med morens lik01016-08-2026
5Ble truffet av elektrosjokkvåpen under fergeflukt – nå er han dømt0709-07-2026
6Gutt anmeldt for kroppskrenkelse etter påstått tyveri05.924-07-2026
7Krever fengsel for tyske turister etter branner i Lofoten08.5212-08-2026
8Frivillige utslitne av redningsaksjonar i fjellet01019-08-2026
9[Ekstra] Fikk den digre brua nesten inn på balkongen01016-08-2026

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 7.9. Источник: www.nrk.no.