Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

22. september kl. 09:00 - Bylov og byliv

Дата публикации: 11-05-2026 09:22:50

I 2026 feirar Magnus Lagabøters bylov 750-års jubileum, og i den anledning arrangerer Mellomalderklynga konferansen Bylov og Byliv den 22.-23. September.
Fra 22. september kl. 09:00 til 23. september kl. 15:00

Основное содержимое страницы с новостью.

Konferanse

I 2026 feirar Magnus Lagabøters bylov 750-års jubileum, og i den anledning arrangerer Mellomalderklynga konferansen Bylov og Byliv den 22.-23. September.

Svart kvitt foto av Bryggen i Bergen, trolig fra 1800-tallet
Hovedinnhold

Magnus Lagabøters bylov teiknar eit levande bilete av Bergen i høgmellomalderen, og den er ei av våre viktigaste kjelder som skildrar styringa, reguleringa og aktivitetane i norske byar i denne perioden.  

Bylova av 1276 var eit viktig ledd i Magnus Lagabøters revisjon av norsk rett i høgmellomalderen, ei utvikling som har fått stor offentleg merksemd i Noreg. Dei særskilde tilhøva i dei norske byane gjorde det nødvendig med ei eiga bylov, slik som elles i Europa. Når ein les Bylova slik den er skriven for Bjørgvin, så kjenner ein tydeleg att Bergens geografi og historiske landemerke.  

Overordna tema for konferansen er Bylov og byliv, og med ein tydeleg tverrfagleg profil er målet å utforske livet i byen Bergen i høgmellomalderen med utgangspunkt i nyaste forsking på Bylova og andre mellomalderkjelder. 

Konferansen er open for alle interesserte!

Tirsdag 22. September
Sesjon 1.  Bylandskap og den fysiske byen
 Chair: Åslaug Ommundsen
09:15-10:00Innleiande foredrag – Byens fysiske struktur, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
10:00-10:30Kyrkjene sitt indre landskap på 1200-talet, ved Justin Kroesen, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Bergen og leiar for kyrkjekungstsamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen
10:30-10:45Kaffipause
10:45-11:15Eigedomsgrenser i byen – ei rettsleggjering av landskapet, ved førstelektor Lars Kvestad ved Høgskulen på Vestlandet
11:15-11:45Kyrkjelandskapet i Bergen med eit lydformidlande perspektiv, ved Alf Tore Hommedal, professor i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen 
11:45-12:05Spørsmål
12:05-13:00Lunsj  (på eiga hand)
Sesjon 2.  Menneska i byen 
 Chair: Irene Baug
13:00-13:45Innleiande foredrag – rik og fattig i mellomalderens Bergen, ved Miriam Tveit, førsteamanuensis i rettshistorie ved Nord Universitet

13:45-14:15

Matkultur i mellomalderen, ved Jens Eike Schnall, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen

14:15-14:45

Hanseatane sitt spirituelle liv i Bergen, ved Embla Aae, forskar i historie ved Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene

14:45-15:00

Kaffipause

15:00-15:30Forholdet mellom Landslova og Bylova, ved Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen
15:30-16:00Eldstadar og omnar; matteknologi i mellomalderens Bergen, ved Mathias Blobel, PhD-stipendiat i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen
16:00-16:25Spørsmål
16:25-16:45“… ok segir þat er eigi greinir í Landsbókenne.” - Bylovsjubileet 1276-2026: Digital utstilling ved Universitetsbiblioteket, ved Robert Kristof Paulsen, overingeniør og norrøn filolog, Universitetsbiblioteket, Universitetet i Bergen
18:00KOMMUNAL MOTTAKING I HÅKONSHALLEN 
Det blir servert fingermat og drikke - både med og utan alkohol

Onsdag 23. september 
Sesjon 3.  Makt og styring 
 Chair: Embla Aae
09:00-09:45Innleiande foredrag: Kvifor treng byen ei eiga lov? Magnus Lagabøters bylov i forhold til Landslova, ved Brage Thunestvedt Hatløy, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet
09:45-10:15Bylovgjeving i ein europeisk kontekst, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
10:15-10:30Kaffipause
10:30-11:00Året i byen - “årshjulet” i Bylova, ved Arne Solli, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen
11:00-11:30Bergen 1585: Landslov og Bylov for Bergen på nedertysk, ved Tom Lorenz, prosjektmedarbeider ved Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene 
11:30-11:50Spørsmål
11:50-12:50Lunsj (på eiga hand) 
Sesjon 4.  Kommunikasjon og nettverk  
 Chair: Kirsi Salonen
12:50-13:35Innleiande foredrag, “Handskrifter og utgåver av Magnus Lagabøtes bylov og farmannslov: Magnus Rindal, professor emeritus i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo
13:35-14:05Handelskontaktar i mellomalderens Bergen, ved Volker Demuth, forskar i arkeologi ved Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger
14:05-14:35Kong Håkons borgerrett (borgara réttr) av c. 1300: Ei vidareføring av eldre gildeskråer? Ved Stefan Drechsler, forskar i nørrøn filologi ved Universitetet i Bergen
14:35-14:50Spørsmål
14:50-15:15

Panelsamtale: Denne avsluttande panelsamtalen vil ta opp hovudtema frå konferansen. Anna Elisa Tryti frå Vestland fylkeskommune og Embla Aae frå Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene vil leie samtalen. 

Paneldeltakarar:

  • Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
  • Brage Thunestvedt Hatløy, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet
  • Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen
  • Miriam Tveit, førsteamanuensis i rettshistorie ved Nord Universitet
  • Volker Demuth, forskar i arkeologi ved Universitetet i Stavanger
15:15Avslutning

Konferanse

Bryggens Museum, auditoriet

Tilknyttet innhold 

24.08.2026

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
113. september kl. 12:00 - 30-års jubileum Bergen botaniske hage 016.6808-05-2026
24. oktober kl. 12:00 - Sopptur i Arboretet 2026018.4214-07-2026
39. september kl. 09:30 - NAFA INTERNATIONAL ETHNOGRAPHIC FILM FESTIVAL017.503-06-2026
4Aðalfundur BHM haldinn 21. maí0522-05-2026
5קריקטורה יומית | 9 ביולי 20260008-07-2026
6קריקטורה יומית | 8 ביולי 20260007-07-2026
7קריקטורה יומית | 7 באוגוסט 202605006-08-2026
8קריקטורה יומית | 9 באוגוסט 202605008-08-2026
9Black at Sussex Conference 2026019.0123-07-2026
10Årsmøte og vårutflukter 2026010.429-03-2026

Классификация: Культура. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 15.61. Источник: www.uib.no.