Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Politiet høyrde fyrst lyden – så viste laseren 161 km/t

Дата публикации: 08-08-2026 16:03:20

UP tok beslag i førarkortet til MC-føraren som vart målt i ei 80-sone i Lofoten. Berre i juli omkom åtte personar på motorsykkel i Noreg.

Основное содержимое страницы с новостью.

– Fyrst høyrde me lyden lenge før dei kom inn i målesona mi. Då skjønte eg at det var snakk om stor hastigheit. Det viste seg jo at det var det.

Det seier Mons Klausen.

Han er avsnittsleiar i Utrykkingspolitiet (UP) i Nord-Noreg.

Onsdag kveld hadde UP fartskontroll på ei rett strekning mellom Svolvær og Leknes langs E10.

Asfalten var tørr, og sola titta fram bak skydekket. Rundt svingen kom to motorsyklar.

Den fyrste vart målt til 161 kilometer i timen i 80-sona.

Her vart dei to motorsyklistane tatt i farskontroll.

Meir enn dobbelt så høg fart

Farta får Klausen til å reagere kraftig.

– Det er jo ikkje greitt. Det seier seg sjølv at når du doblar hastigheita i forhold til fartsgrensa på staden, så er det ikkje bra i det heile tatt.

Sommartrafikken i Lofoten har enno ikkje gitt seg. Det er framleis mykje trafikk og mange bubilar på vegane, ifølgje UP.

– Me må berre ta omsyn til kvarandre når me er ute og køyrer langs vegen, seier Klausen.

Mons Klausen er avsnittsleiar i Utrykkingspolitiet i Nord-Noreg.

Foto: John Inge Johansen

Politiet tok førarkortet frå føraren som vart målt, og vedkommande vart meld. Føraren er også avhøyrd.

Klausen opplyser at begge motorsyklane vart stansa, men at politiet berre fekk målt den fyrste.

– I dette tilfellet har me ei måling på den fyrste sykkelen som ein ser på biletet. Det er den eine saka me har. Me stansa sjølvsagt begge, også han som kom som nummer to.

Saka er enno ikkje avgjord. Riksadvokaten sine retningslinjer har fengsel som utgangspunkt frå 136 kilometer i timen i ei 80-sone.

Ferske elgspor ved vegen

UP delte eit bilete av fartsmålinga på Snapchat kort tid etter kontrollen.

Klausen håpar biletet kan ha ein førebyggjande effekt.

– Andre ser at det å bli tatt i slike hastigheiter får ein del konsekvensar. Eg synest det er veldig fint og førebyggjande at ein går ut med dette tidleg.

UP tok to MC-førarar i 161km/t i Lofoten

Faksimile: UP Nord-Norge

Han meiner skadepotensialet er enormt dersom noko går gale i slike hastigheiter.

I nærleiken av kontrollen fann politiet ferske elgspor.

– Me har sett elg i det området ved fleire høve. Det er vel kanskje tilfeldig at det går bra. Me har hatt fleire stygge MC-ulukker i Noreg så langt i år. Så det at ein vel å køyre i den hastigheita, synest me ikkje noko særleg om.

Åtte omkom på MC i juli

Åtte personar omkom på motorsykkel i juli. Det er det høgaste talet på omkomne på moped og motorsykkel i ein julimånad sidan 2010, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ved utgangen av juli hadde totalt 16 personar omkome på motorsykkel i år. Halvparten av dødsfalla skjedde dermed i juli.

Det samla talet for dei fyrste sju månadene er det same som på tilsvarande tidspunkt i fjor.

– Over flere år har vi sett at MC-ulykker er en av de ulykkestypene vi ikke lykkes å skape reduksjon i. Som motorsyklist er du veldig ubeskyttet og sårbar om ulykken først er ute, seier fungerande avdelingsdirektør Hilde Therese Halås i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Hilde Therese Halås er fungerande avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

Dei fem siste heile åra har 101 førarar og passasjerar på motorsykkel omkome i trafikken. I den same perioden vart 661 hardt skadde, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Berre i 2025 omkom 25 personar på motorsykkel, medan 133 vart hardt skadde.

– Forferdeleg respektlaust

Kari Vassbotn, distriktsleiar i Trygg Trafikk, reagerer også på køyringa.

Ho peikar på at verneutstyr har avgrensa effekt dersom ein motorsyklist treffer asfalten i svært høg fart.

– Det synest eg faktisk er forferdeleg respektlaust overfor andre i trafikken og overfor sitt eige liv. Ein vel å ta nokre risikoar som er heilt unødvendige, og som set både sitt eige og andre sitt liv i fare.

Kari Vassbotn, distriktsleiar i Trygg Trafikk, meiner køyringa er respektlaust.

Foto: Trygg Trafikk

Vassbotn meiner dei som vil teste fart og grenser, må gjere det andre stader enn på offentleg veg.

– Sjølv om fart og spenning er artig, så er det ikkje det du skal drive på med på vegen. Då får du heller dra på tivoli.

Ho meiner politikontrollar er eit viktig verkemiddel for å få trafikantane til å halde fartsgrensa.

– All forsking tilseier at faren for å bli oppdaga er eitt av dei beste verkemidla vi har for at farten blir halden nede.

Publisert 08.08.2026, kl. 18.03

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Politiet fann brannbilde i skjult mappe på mobiltelefonen til tysk turist07.210-08-2026
2Stoppet fører mistenkt for ruskjøring09.5715-08-2026
3Tenåring kjørte uten gyldig førerrett07.4815-08-2026
4Bil har kjørt av veien i Misund04.9814-08-2026
5Politiet fekk tips om brannstiftarane før folket greip inn: – Det osa ein irritasjon06.411-08-2026
6MC-ulykke i Nittedal017.8512-08-2026
7Krever fengsel for tyske turister etter branner i Lofoten08.5212-08-2026
8Bilförare åkte fast i trafikkontroll – körkortet hade löpt ut 16 år tidigare011.5211-08-2026
9Här togs förarna i dagens trafikkontroll01014-08-2026

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 12.98. Источник: www.nrk.no.