Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Spår prishopp i haust: – Mykje å spare på å teikne noregspris no

Дата публикации: 10-08-2026 15:35:02

Nye prognosar for straumprisen gjer at Forbrukarrådet og kraftanalytikarar rår fleire til å teikne noregspris.

Основное содержимое страницы с новостью.

Norske straumkundar må bu seg på høge straumprisar i haust.

Nye prognosar visar at prisane kan doble seg frå i fjor – opp mot 137 øre per kilowattime i dei dyraste områda.

Nytt av året er at prisane også blir høge i delane av landet der færre har sikra seg noregspris.

– Ingen bør takke nei til noregspris

I straumområde NO3, som strekkjer seg frå Nordland til Sognefjorden, visar prognosane at straumprisen vil liggje på rundt 99 øre i fjerde kvartal.

Likevel er det per i dag berre i overkant av 30 prosent av hushalda i dette området som har valt den statlege ordninga noregspris.

No bør resten kjenne sin gjestingstid, meiner Forbrukarrådet.

– Norgespris vil løne seg med god margin frå Trøndelag og sørover, seier fagansvarleg Thomas Iversen.

Norgespris er ein statleg fastprisavtale for straum som gjev hushald og hytter ein føreseieleg og lågare kilowattimepris enn forventa spotpris i marknaden.

I dag er prisen 50 øre/kWh. I tillegg kjem nettleige og avgifter.

For å gjere det enkelt å sjekke om avtalen løner seg, har Forbrukarrådet lansert ein kalkulator der forbrukarar kan leggje inn eige forbruk eller storleik på bustaden.

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt meiner det ikkje er nokon grunn til å nøle:

– Til folk i Midt-Noreg kan eg trygt seie at det ikkje er nokon som prøver å lure dykk.

– Dette er ein gåvepakke frå staten som gjer at ein gjennomsnittshushaldning vil spare ca. 3000 kroner i haust. Det bør ingen takke nei til, seier Lilleholt.

– Norgespris vil løne seg med god margin frå Trøndelag og sørover, seier fagansvarleg Thomas Iversen.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukerrådet
Prisane kan stige ytterlegare

Senioranalytikar Odin Foldvik Eikeland i Rystad Energy åtvarar om at situasjonen kan forverre seg dersom vêret ikkje speler på lag utover hausten.

Dersom det blir ein tørr haust kombinert med ei eskalering av situasjonen i Midtausten, kan prisane stige ytterlegare.

– Min helsing til norske straumkundar er at folk i Midt-Noreg bør teikne kontrakt på noregspris, seier Eikeland.

Prishoppet skuldast mellom anna vassmagasina er uvanleg tomme. Etter ein vinter med lite snø og ein tørr sommar er magasinfyllinga i Sør-Noreg på sitt lågaste nivå på over 20 år.

Eksporterte netto tre terawattimar vasskraft

I tillegg har krafteksporten gjennom sommaren tært på reservane.

I løpet av mai, juni og juli eksporterte Noreg netto tre terawattimar vasskraft. Det svarar til over 2 prosent av alt straumforbruk i fjor.

Dette kjem etter at nettoeksporten låg på moderate 0,2 terawattimar i første kvartal og 1,5 terawattimar i andre kvartal.

Samstundes gjer låge europeiske gasslager og geopolitisk uro at høge gassprisar på kontinentet smittar rett over på norske straumprisar.

Den europeiske gassprisen (TTF) har i år ligge på rundt 55 euro per megawattime, noko som er nesten ei dobling samanlikna med i fjor.

– Noregspris er ein gåvepakke som gjer at ein gjennomsnittshushaldning vil spare ca. 3000 kroner i haust, seier Tor Reier Lilleholt.

Foto: Leif Dalen / NRK
Vilkåra for å avgrense eksporten

Marius Holm Rennesund i analyseselskapet THEMA peikar på at prisutviklinga utover hausten vil avhenge av vêret, men også av gass- og karbonprisar.

– Dersom den tørre vêrtypen fortset, vil vi først ønske å avgrense eksporten til kontinentet så mykje som mogleg, og deretter kan det bli meir behov for import, spesielt utover seinhausten og vinteren.

Han legg til:

– I dag prisast tyske haust- og vinterkontraktar opp mot 140 til 150 øre per kWh, og dette er nivåa kraftprisen i Sør-Noreg må nærme seg for at vi skal avgrense eksporten.

  • Anders Lie Brenna, Redaktør / EnergiWatch.no

    Med unntak av NO4 bør alle hushald teikne norgespris. Det norske straumsystemet er vêravhengig, men sjansen for at straumprisen blir mykje høgare enn norgespris er langt større enn at han blir lågare. Nedsida ved å velje norgespris er dermed mykje mindre enn ved å la vere. Det blir også spennande å sjå kva regjeringa gjer med prisnivået i framlegget til statsbudsjett i oktober.

  • Kristina Lysen, Divisjonsleiar i Eviny Fornybar AS

    Det er stor usikkerheit rundt prisprognosar framover. Låge magasin i sør og høge gassprisar i Europa trekkjer prisane opp, men vêret i haust avgjer alt. Vestlandet opplevde nyleg årets våtaste døgn, og meir regn vil betre fyllinga. Likevel veks etterspurnaden etter kraft raskare enn utbygginga. Den langsiktige løysinga på høge straumprisar er å byggje ut meir kraft, nett og effekt raskare.

  • Ole‑Johnny Nesdal, Porteføljeforvaltar i SFE

    Låge magasin minskar prisdifferansen mot Europa, der geopolitisk uro og ein eventuell kald vinter kan presse prisane opp. Ein våt haust i Norden og ein mild europeisk vinter vil derimot halde prisane nede. Det er vanskeleg å modellere ei eksakt prisforventning for hausten og vinteren, men folk bør ta inn over seg at utfallsrommet for korleis prisane vil utvikle seg er svært stort.

  • Catchlight / NVE / Kristian Løksa

    Kjetil Lund, NVE-direktør

    I ein situasjon med lågare magasinfylling enn normalt og stor internasjonall usikkerheit, må vi rekne med høge kraftprisar gjennom hausten og vinteren. Prisane avheng av nedbør, forbruk, gassprisar og kraftsituasjonen i nabolanda våre. Forsyningstryggleik og prisar heng saman: Når produsentane held tilbake vatn, går produksjonen ned og prisane normalt opp.

  • Lars Tennbakk Bockman, Fornybar Norge

    Kraftprisen framover er svært usikker og avheng av vêret og situasjonen i Iran. I tørre år blir vi avhengige av import, noko som gir høge prisar. 2026 har vore tørt, og krigen i Iran har driven gassprisen til det høgaste nivået sidan energikrisa. Forsyninga er ikkje i fare, men prisane kan bli høge i vinter. Vi tilrår derfor alle i Sør- og Midt-Noreg å teikne Norgespris.

  • Ivar Refsdal, konsulent i THEMA

    Gjennom sommaren har prisen i sør ligge rundt 100 øre/kWh, og vi forventar at prisen skal opp når det blir kaldare og mindre tilgang på billeg tysk solkraft. Sjølv om hausten blir mild og våt, vil prisnivået liggje høgare enn dei siste åra. For Midt-Noreg burde man teikne Norgespris, då prisane her òg ventast å liggje godt over Norgespris-nivået.

  • Asgeir Tomasgard, professor ved NTNU

    Det er lite i dagens situasjon som tilseier låge straumprisar i Sør-Noreg. Høge gassprisar påverkar straumprisen i Europa og dermed òg i Noreg, og situasjonen i Midtausten vil føre til framleis høge gassprisar. Vasskrafta kan jamne ut effektane, men med låg fyllingsgrad blir denne evna mindre. Eg er ikkje begeistra for utforminga av Norgespris, men har teikna det på hytta og vurderer det heime.

  • Thomas Iversen, fagansvarleg i Forbrukarrådet

    Dei fleste analysar tilseier at straumprisane blir høge framover, og at Norgespris vil løne seg med god margin frå Trøndelag og sørover. For å gjere det enkelt å sjekke om avtalen løner seg, har vi lyst ut ein kalkulator der du kan leggje inn forbruket ditt eller storleiken på bustaden. Her er det truleg mykje å spare for mange som ikkje har teikna avtalen enno.

  • Marius Holm Rennesund, partnar i THEMA

    Dersom den tørre vêrtypen fortset, vil vi først ønske å avgrense eksporten til kontinentet så mykje som mogleg, før det kan bli behov for import utover vinteren. Tyske haustkontraktar prisast opp mot 140–150 øre/kWh, og dette er nivåa vi må nærme oss i Sør-Noreg for å avgrense eksporten. Med låg magasinfylling òg i Midt-Noreg er det svært fornuftig for kundar der å teikne Norgespris.

  • Tor Reier Lilleholt, kraftanalytikar

    Til folk i Midt-Noreg kan eg trygt seie at det ikkje er nokon som prøver å lure dykk, men ein gåvepakke frå staten for å hjelpe til å redusere straumrekninga. Med dei forventningane ein ser no vil ein gjennomsnittshushaldning spare ca. 3000 kroner i haust. Det bør ingen takke nei til. Alternativ straumstøtte slår ikkje inn før prisen er over 80 øre, så dette gjev vesentleg meir støtte.

  • Odin Foldvik Eikeland, senioranalytikar i Rystad Energy

    Fyllingsgraden i Sørvest-Noreg er veldig låg no, så vi må håpe på ein haust med mykje nedbør. Min helsing til norske straumkundar er at folk i Midt-Noreg bør teikne kontrakt på Norgespris. Prisen ligg langt lågare enn venta spotprisar og gjev tryggleik. Blir det ein tørr haust og ein eskalering i Midtausten, kan prisane stige ytterlegare. Det er større oppside- enn nedsidepotensial.

  • Åsmund Sunde Valseth, Vista analyse

    Dyr kveldsstraum gjer at vi kunne spart pengar på å lade elbilen når færre bruker straum. Med Norgespris har hushaldningane likevel lite å tene på å flytte forbruket. Hadde støtta i staden vore uavhengig av forbruket, ville nok fleire tilpassa seg. Då ville energiressursane vore betre utnytta, og samfunnet vore betre rusta for høge straumprisar utover hausten og vinteren.

Publisert 10.08.2026, kl. 17.35

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Глава Минэнерго Норвегии предрек "бешеные" цены на электроэнергию из-за "Северного потока"0015-07-2022
2Bønder slår tilbake mot «gladtal»: – Altfor tidleg å juble08.111-08-2026
3Banebrytande forskarar får 232 millionar kroner5717-03-2026
4ФАС не видит предпосылок для роста цен на нефтепродукты выше инфляции0014-01-2021
5Нефти предрекли новое подорожание01027-07-2026
6Medietilsynet vil ha innspel om NRK0509-10-2025
7Statkraft og NHO slår alarm om kraftutbygging07.6623-07-2026
8Новак поручил Минэнерго отслеживать ситуацию на рынке нефтепродуктов0025-08-2025
9ФАС и Минэнерго подготовят приказ с рекомендацией о повышении нормативов продаж топлива0030-01-2019

Классификация: Экономика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 7.26. Источник: www.nrk.no.