Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Sigbjørn har søkt jobb i fire år – framleis står éin av fem utanfor

Дата публикации: 11-08-2026 05:00:16



Основное содержимое страницы с новостью.

702 000 står utanfor arbeidslivet, det er ein liten auke frå året før.

Kunsthistorikaren Sigbjørn Løland Torpe er blant dei som ikkje får seg jobb.

I sommar er han museumsvert på Sunnfjord museum. Men det er ikkje fast jobb.

– Jobbsøkinga har gått ganske trått. Eg har vore arbeidsledig i fire år, seier han.

Sigbjørn Løland Torpe er glad i arbeidsplassen han får ha i sommar, men håpar på å finne noko meir permanent.

Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK
Éin av fem står utanfor

Målet for Nav og regjeringa har vore å snu trenden med at fleire står utanfor arbeidslivet.

Men det har dei ikkje enno klart.

Torpe meiner fleire arbeidsgivarar bør vere opne for kandidatar med ein annan bakgrunn enn den dei først ser etter.

– Folk må få prøve seg i jobb. Eg har inntrykk av at ein del tenkjer ganske snevert i arbeidslivet, seier han, som har bachelorgrad i historie og kunsthistorie.

Draumejobben hans er å arbeide med historieformidling, museum eller arkiv.

Nav: Må senke terskelen

Nav-direktør Hege Nilssen seier tala har vore ganske stabile over tid, men at mange i gruppa både ønskjer og har ressursar til å arbeide.

– Vi må bli endå betre til å redusere terskelen for å kome inn i arbeidslivet, seier ho.

NAV-direktør Hege Nilsen seier gruppa som står utanfor er motiverte, har ressursar og ønsker å komme seg i arbeid.

Foto: Tom Balgaard

Nilssen meiner tiltak fungerer best når personar får kontakt med ein arbeidsplass tidleg, og får støtte og rettleiing medan dei er i jobb.

Ho peikar også på at auken i personar utanfor arbeidslivet særleg kjem blant personar som ikkje får ytingar frå Nav. Det kan til dømes vere ukrainske flyktningar, heimeverande og nyutdanna som blir forsørgde av foreldra.

Betre utvikling blant unge

Utviklinga er betre blant unge. I aldersgruppa 20 til 29 år er det fleire som er i arbeid enn før, også samanlikna med før koronapandemien.

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng meiner satsinga på unge har hatt effekt.

– Det er positivt at utanforskapet blant dei under 30 år er lågare enn på lenge, seier ho.

Men ho er likevel bekymra.

– Det er svært bekymringsfullt at så mange står utanfor arbeid og utdanning i Noreg.

Stenseng peikar på helseutfordringar, høgt sjukefråvær, ei eldre befolkning og flyktningsituasjonen som moglege forklaringar.

– Det er ein nær samanheng mellom helseutfordringar og det å ikkje vere i arbeid. Derfor må vi styrkje både helseoppfølginga og dei arbeidsretta tiltaka.

Stenseng seier det er bekymringsfullt at det er så mange som står utanfor arbeid i Noreg.

Foto: William Jobling / NRK
Den enkeltes ansvar

Vil du innskrenke moglegheita til å ta sjukefråvær?

– Vi veit at sjukefråvær kan vere starten på et langt utforskap. Så vi må sørge for at befolkninga vår er frisk nok til å kunne delta i arbeidslivet, og at dei får tidleg oppfølging.

På spørsmål om kven som skal ta hovudansvar for å snu trenden seier Stenseng at det er alle ledd, men legg til:

– Sjølvsagt har spesielt den enkelte eit ansvar sjølv. Du skal gjere det du kan for å vere i aktivitet, komme deg inn i jobb, bli kvalifisert. Men vi skal òg stille opp og sørge for at den enkelte har moglegheita til å lykkast i arbeidslivet.

Stangar litt

Torpe fortel at det kan vere tungt å søkje jobb over lang tid utan å få konkrete tilbakemeldingar.

– Ein stangar litt i veggen. Avslag er ein nedtur, men så går ein vidare og prøver å gjere det beste ut av det.

Han prøver framleis å vere optimistisk.

– Eg har ikkje stoppa opp. Eg lærer stadig nye ting og håpar å få brukt kunnskapen min.

Sigbjørn Løland Torpe er aktiv og arbeidsam, men han seier den økonomiske situasjonen ikkje er så god.

Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Publisert 11.08.2026, kl. 07.00

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Disse jobbene går hardest utover helsa07.1608-07-2026
2Värna om värdegrunden på jobbet0511-07-2026
3Lærlingen Sander gikk opp 60.000 i lønn018.5307-07-2026
4”Helt plötsligt står man utanför allting”0530-05-2026
5Jämtlands unga måste kunna flytta hemifrån01006-08-2026
6LEDARE: Jobbskatteavdrag lagar inte det trasiga i Sverige0521-06-2026
7Medisinstudent Andrea (20) forskar på seg sjølv: Det har sendt ho til EM017.6910-08-2026
8Bønder slår tilbake mot «gladtal»: – Altfor tidleg å juble08.111-08-2026
9Astrid har ikkje mangel på vener – likevel er ho einsam01009-08-2026
10Män anlade industribrand – får fängelsestraff0508-07-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.