Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Nær 400 born ventar på trygg heim

Дата публикации: 11-08-2026 13:14:44



Основное содержимое страницы с новостью.

I dag står 367 born på vent for å få ein trygg heim.

Dette er nær ei dobling frå åra før 2023 – då låg talet rundt 200.

– Det er mange fleire barn i kø no – og færre som ønsker å bli fosterforeldre, seier Tone Granaas, generalsekretær i Norsk Fosterhjemsforening.

– Det har vore ein fosterheimskrise i mange år, men den har nesten dobla seg dei siste åra.

Tone Granaas, generalsekretær i Norsk Fosterhjemsforening, seier det har vore ei fosterheimskrise gjennom fleire år. Foreininga jobbar for å styrke rettane til fosterfamiliane, og gir rådgjeving og kompetanseheving.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
Fosterforeldre: – Spennande og krevjande

I ein fritidsbustad i Holmevika i Sunnfjord har ekteparet Irene Belt Friborg og Jon Ivar Friborg teke ferie.

I tillegg til seks biologiske barn har Sotra-paret også to fosterborn.

– Det har vore spennande, givande og krevjande, seier Irene om å vere fostermor.

Å sjå korleis barnet utviklar seg, har vore lærerikt og fint. Det gir glede, fortel dei.

Ekteparet Jon Ivar og Irene Friborg seier det er veldig ulikt kor mykje støtte og hjelp dei ulike kommunane gir. I tillegg syner fosterheimsundersøkinga at mange fosterforeldre taper økonomisk på oppdraget. Sjølv er dei nøgde med støtta dei har fått.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Det mest krevjande har vore å ligge i forkant for å skape trygge og føreseielege dagar. I tillegg har dei fått mindre tid til familie og vener.

Paret er likevel ikkje i tvil om at det er verdt det og anbefaler det til andre.

– Er ordningane for fosterfamiliane gode nok i dag?

– Ut frå det vi ser i dagens landskap, synest vi ikkje det, seier Irene.

Ved feriebustaden i Sunnfjord er det god plass til heile storfamilien, som står av totalt åtte born i alderen 13-37, svigerborn og barnebarn.

Foto: Privat

– Kva skal til for at fleire skal verte fosterforeldre, trur de?

– Det er viktig at fosterheimane som finst allereie, blir godt ivaretekne og får den hjelpa dei treng, seier Irene.

– Livet var på vent

Ei av dei som veit kor viktig det er med heimar som ekteparet Friborg sin, er Miriam Jasmin Vik.

Ho flytta i fosterheim like før ho fylte seks år.

Men før heimen stod klar, måtte ho og broren bu i beredskapsheim i nokre månader. Dei gjekk då i barnehage og på skule.

Miriam Jasmin Vik er barnevernspedagog og ønskjer sjølv å verte fostermor ein dag for å gi eit born ein trygg heim.

Foto: Privat / NRK

– Det var tøft. Livet var på vent fordi du ikkje skulle bu der så lenge. Det kan gjere det vanskeleg å verte trygg og knyte seg til personar også seinare.

At nær 400 born står i same køen som ho sjølv gjorde ein gong, synest ho er trist.

– Det er veldig krevjande og sårbart. Det er så viktig å kome seg i ein trygg og stabil heim raskast mogleg.

Sjølv har ho budd i to gode fosterheimar. I den siste saman med begge brørne sine.

– Eg hadde ikkje vore den personen eg er i dag utan fosterfamiliane mine. Dei tok imot meg og hjelpte meg med mine traume og bagasje.

Lillian Sande i lag med fosterdottera Miriam Jasmin Vik. Sande oppmodar fleire om å verte fosterforeldre, og særleg til ungdom. – Sjølv hadde eg tre ungdom i hus. Det har vore utfordrande, men fantastisk. Eg har lært mykje om meg sjølv som eg tek med meg i møte med andre menneske, både privat og i jobb.

Foto: Privat

Fostermora hennar i Svelgen, Lillian Sande, kallar dei tre fosterborna «ei stor glede».

Sande meiner etatane må ut og treffe folk, til dømes på foreldremøte, for å rekruttere fleire fosterforeldre.

– Dei må vise seg meir fram slik at det blir lettare for folk å ta kontakt, seier Sande.

Store problem i heile landet

Over heile landet er det utfordringar med å skaffe fosterheimar.

I Hallingdal finn det lokale barnevernet på utradisjonelle sprell for å rekruttere fleire trygge heimar.

Også i Sunnfjord kommune i Vestland snur dei kvar ein stein.

Men til inga nytte.

– Eg har ikkje opplevd situasjonen så krevjande før, seier einingsleiar Elisabeth Flo Kyrkjebø i barnevernstenesta.

Fleire kommunar slit stort med å skaffe fosterheimar. Sunnfjord kommune og einingsleiar i barnevernstenesta Elisabeth Flo Kyrkjebø, er blant dei.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Ho har jobba i barnevernstenesta i fleire kommunar sidan 2010.

Ho seier det har blitt vanskelegare å rekruttere fosterforeldre.

Det var Firda som skreiv om saka først.

Kommunen har i underkant av fem born som i lengre tid har venta på ein trygg heim å bu i.

Nokre av dei har venta i meir enn eitt år.

– Kraftig auke

Divisjonsdirektør i Bufdir, Tove Bruusgaard, seier for mange må vente – og for lenge – på fosterheim.

Divisjonsdirektør Tove Bruusgaard i Bufdir seier borna i fosterheimskø er ivaretekne, dei fleste i beredskapsheim.

Foto: Tine Poppe / Bufdir

– Talet har auka ganske kraftig i løpet av dei siste tre åra.

Også ho kallar fosterheimsmangelen for ei krise, men legg til at tala har vore nokolunde stabile dei siste åra.

Ei kartlegging frå 2025 syner fleire moglege årsaker til rekrutteringsproblema:

Fosterheimsmeldinga kom i 2025.

Jobbar med å sikre betre rettar

Betre rettar for fosterforeldre har vore eit tema i mange år.

No er mellom anna pensjon på plass, fortel statssekretær Sindre Lysø i Barne- og familiedepartementet.

Det same gjeld godtgjering og styrking av rettane til fosterforeldre.

Sindre Lysø i Barne- og familiedepartementet seier dei har gjort ei rekke grep for å rekruttere fleire fosterheimar, men at endå meir må til for å skaffe nok heimar.

Foto: BREDE BLEIKLIE THOMASSEN / NRK

Departementet jobbar også med å følge opp kommunane i deira arbeid med rekruttering og oppfølging.

– Ikkje oppdatert ordning

Tone Granaas i Norsk Fosterhjemsforening meiner fosterheimsordninga ikkje er oppdatert.

– Før var kvinnene heime. No har ei hushaldning fleire inntekter, og vi er ute i jobb.

Ein del fosterforeldre vil ikkje anbefale andre å bli det. Foreininga har spurt medlemmene kvifor. For lite rettstryggleik og støtte er noko av svara.

– Fosterforeldre har behov for betre rettar og rammevilkår, seier Granaas, og legg til at fosterforeldre opplever stor ulikskap i kor mykje kommunal støtte dei får.

Publisert 11.08.2026, kl. 15.00 Oppdatert 11.08.2026, kl. 15.02

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Hus totalskadet etter brann i Bjørnafjorden-5304-07-2026
2Пентагон закупит один тип вооружения на $400 млн022.507-08-2026
3Slagsmål bröt ut utanför bar0516-07-2026
4Bønder slår tilbake mot «gladtal»: – Altfor tidleg å juble08.111-08-2026
50005-05-2026
6Säkerhet under jaktsäsong0511-09-2025
7Säkerhet under jaktsäsong0511-09-2025
8Säkerhet under jaktsäsong0511-09-2025
9En till gripen efter Uppsala-skjutning0508-07-2026
10Här blir du en ung James Bond5708-07-2026

Классификация: Общество. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 24.29. Источник: www.nrk.no.