Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Bonden får stor rekning etter våt sommar

Дата публикации: 12-08-2026 18:25:35

Han kan tape fleire hundre tusen på den våte sommaren. Å klimatilpasse landbruket er veldig krevjande, ifølge forskar.

Основное содержимое страницы с новостью.

Per Jarle Myklebust står på jordet og studerer graset.

– Vi skulle slått graset for minst ei veke sidan. No taper kvaliteten seg for kvar dag, seier han.

Her i Myklebustdalen i Nordfjord bøtter regnet ned.

Blaut mark gjer det umogleg å slå graset, og vêrmeldinga framover er ikkje særleg lystig.

– Protein- og sukkerinnhaldet i fôret går ned. Då må vi kompensere med meir kraftfôr.

Ekstrarekninga kan bli på 200.000 kroner, trur Myklebust.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK
Meldingar renn inn

Situasjonen er lik på store delar av Vestlandet. Bønder i Trøndelag og i Nord-Noreg har same å stri med.

I tillegg var førsteslåtten dårleg for mange.

Statsforvaltaren i Vestland har fått inn 75 meldingar om sviktande avlingar hittil. Det meste gjeld fruktproduksjon. Tala aukar for kvar dag.

– Vi har betydeleg fleire meldingar så langt i år enn tidlegare. Det har vore ein veldig spesiell sommar, seier assisterande landbruksdirektør hos statsforvaltaren, Bjørn-Harald Haugsvær.

Må endre landbruket

Dei siste åra har variasjonane vore store. For berre to år sidan var det tørke i Myklebustdalen.

Klimaforskarar seier at store variasjonar vil bli vanlegare – både meir tørke og meir vatn.

Bønder er prisgitt vêret, og framtida vil bli meir krevjande. Forskar Synnøve Rivedal har eit knippe råd.

Foto: Bård Siem

– Det er eigentleg veldig vanskeleg for bøndene å tilpasse seg klimaendringane, seier forskar Synnøve Rivedal ved Nibio.

Likevel er det noko som blir viktig framover, ifølge Rivedal:

  1. Bruk av ulike artar gras på same mark, som toler vêret ulikt. Risikoen for at heile avlinga ryk, blir mindre.
  2. Utnytting av den tidlegare sesongen. Sidan hausten statistisk sett blir våtare, blir det viktigare å komme i gang tidlegare.
  3. Investering i effektive maskinar. Periodane med optimalt slåttevêr blir kortare. Då gjeld det å smi mens jernet er varmt.
  4. Optimal drenering og tiltak for å få vatn vekk.

Her frå Guddalen i Fjaler.

Foto: Odin Otnes Austring / NRK
Blir dyrare

Rivedal seier det uføreseielege vêret vil drive kostnadane oppover, til dømes å investere i maskinar.

Viss alternativet blir å kjøpe endå meir fôr, har bøndene i realiteten ikkje mykje val.

– Så er jo resten av verda meir utsett for tørke. Vi er nøydde til å produsere vår eigen mat. Det er viktig, seier Rivedal.

Myklebust er velsigna med eit lyst sinnelag, noko som kjem godt med i bondeyrket.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Myklebust har håp om opplett neste veke. Får han slått graset då, blir det ikkje katastrofalt.

– Viss du skal gå og sjå mørkt på ting, da er ikkje bondeyrket det rette. Da må du sjå litt lyst på livet, seier han.

Publisert 12.08.2026, kl. 20.25 Oppdatert 12.08.2026, kl. 21.00

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Bønder slår tilbake mot «gladtal»: – Altfor tidleg å juble08.111-08-2026
2Varsler ny hetebølge: – Intens og langvarig08.4624-07-2026
3Vinterbyg gav 9,5 ton og ni halmballer pr. hektar5717-07-2026
4Regnvarsel satte fart på hvidkløverhøsten: Kom i hus efter to et halvt døgn0517-07-2026
5„Wie in Texas“: Rekord-Dürre zwingt Bauern, Tiere von Weide zu holen011.2301-08-2026
6Årets høst af vinterbyg er over middel06.425-07-2026
7Челябинские фермеры бьют тревогу из-за непредсказуемого климата-2614-07-2026
8Rekordvarmt igjen: – Aldri sett lignende08.7506-08-2026
9De med minst rammes hardest av varmen, viser forskning09.1116-07-2026
10Varmt på jobben? Du har ikke rett til å gå hjem09.2215-07-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.